Flott hundreårsmakering av Hallinglaget.

Hundreårsmarkeringa av Hallinglaget i USA vart ei svært flott markering med stor oppslutning.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 02.07.2007 06:46

Slik kom mange av pioneane til sine nye heimplassar på prærien
Hundreårsmarkeringa av Hallinglaget i USA vart ei svært flott markering med stor oppslutning.

Hundreårsmarkeringa har foregått i Moorhead og i Walcott, der det heile starta for 100 år sidan. Oppslutninga har vore stor, på banketten laurdag var det nærare 500 gjester, av desse om lag 180 frå Norge. 3 ordførarar frå Hallingdal helste frå dalen, ungdomane frå Ål sto for storslagen underholding som vekte stor åtgaum og svallen gjekk lett og lystig desse tre dagane. Mange fann faktisk slektningar dei aldri hadde høyrt om og nye vennskapsband vart knytt. Eit høgdepunkt for mange var turen i prærievogn frå farmen til Omar Amundsen frå Gol og inn til byen Walcott der det heile starta for hundre år sidan.

RH kjem attende med omfattande program frå feiringa til hausten då også serien med program frå Halling Amerika startar opp'

 

 

'








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS