Bok om song- og musikktradisjonen på bedehusa i Hallingdal.

Bodil Haug set no i gang eit bokprosjekt som blir det fyrste av sitt slag i Norge.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 11.05.2007 22:41

Bodil Haug set no i gang eit bokprosjekt som blir det fyrste av sitt slag i Norge.

Til no er det ikkje publisert bøker om dette emnet i Norge og temaet er også svært lite utforska. BOdil Haug har arbeidd med stoffet i nokre år, og er no klar til å gå på arbeidet med boka, som ho reknar med vil ta eitt års tid. Boka vil ta for seg blant anna lekmannsrørsla frå starten gjennom glanstida og fram til vår det.  Bedehussongen står sentralt i bokverket, denne typen song fekk sterkt gjennomslag hjå hallingane.

Boka er rekna med å vera ferdig i juni 2008 og har ei kostnadsramme på om lag ein halv million kroner. Regionrådet blir søkt om tilskott på 20 000 kr.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS