Siste semifinalist klar.

Kven veit mest tevlinga går mot slutten og no er alle semifinalistane klare.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 26.04.2007 13:24

Kven veit mest tevlinga går mot slutten og no er alle semifinalistane klare.

I siste kvartfinalen var det to golingslag som var trekte til å møte kvarandre, men sjøl om dei var frå same skulen, så var her knallhard kamp om poenga heile vegen. Gol 2 fekk ein svært god start og hadde eit solid forsprang til langt ut i andre omgang då Gol 1 tok til å sanke meir poeng enn motstandaren. Før siste spørsmål var det berre 4 poeng som skilde, men Gol 2 klarde å halde på forspranget like inn og er dermed klare for semifinalen.
Semifinalane går slik:
Tysdag 8. mai Geilo 1 mot Herad
Tysdag 29. mai Gol 2 - Hemsedal - Flå (3 lag på grunn av uavgjorte kvartfinalar)

Og den store finalen går 12. juni!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS