Bygger ut Geilomoen barnehage for 5,5 mill kroner.

Rådmannen foreslår at Geilomoen barnehage blir fullstendig renovert og at det blir bygt eit tilbygg på 100 m2
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 25.01.2007 10:05

Rådmannen foreslår at Geilomoen barnehage blir fullstendig renovert og at det blir bygt eit tilbygg på 100 m2

Saka har hast då behovet er stort og det blir teke sikte på å starte planlegging av nybygget straks vedtak er gjort. Det er sett av 2 millionar i årets budsjett og desse skal brukast til å starte opp renoveringa som i alt er kostnadsrekna til 3 millionar kroner slik at kommunestyret må løyve ein ekstra million for å få arbeidet fullført i 07.  Dei nye 100 m2 vil koste om lag 2,5 millionar og skal stå ferdige i 2009. Når alt er ferdig, er Geilomoen barnehage ein fullverdig to avdelings barnehage.

Saka skal behandlast av kultur og oppvekst i møte 30. januar.




 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS