Kuttar 17,3 mill på Nesbudsjettet.

Formannskapet i Nes legg i kveld fram kuttliste for kommunestyret på godt 17 mill kroner på investeringssida.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 14.12.2006 12:27

Formannskapet i Nes legg i kveld fram kuttliste for kommunestyret på godt 17 mill kroner på investeringssida.

Formannskapet hadde ekstra møte onsdag kveld og her la økonomisjefen fram oppdatert oversikt over utviklinga i fond og gjeld og politikarane hadde sett over dei innspela som var komne til budsjettet.  Bortfallet av eigendomskatt  og innlegging av ein del nye investeringar under formannskapets behandling gjer at Nes i 2010 vil ha om lag 60 mill i gjeld og nesten 0 i fond mens dei i 2001 hadde 30 mill i gjeld og like mykje på fond. Dette kan ikkje formannskapet vera med på og foreslår derfor i kveld at følgjande investeringar blir tekne ut:
1. Utbygging på Elverhøy - 8 mill i 2007
2. Ny barnehage 3,3 mill i 2007
3. Omsorgsbustadar for funksjonshemma - 4 mill i 2008
4. Opprusting av Garnåsvegen . 2  mill i 2009

Desse tiltaka får ein driftskonsekvens på om lag 2 mill pr år.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS