Boka om Oddemann klar.

Fredagskvelden blir den lansert, boka om Odd Gunnar Haugen, toraderspelemann, treskjærar og mykje meir, for mange best kjent som Oddemann.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 04.12.2006 10:18

Fredagskvelden blir den lansert, boka om Odd Gunnar Haugen, toraderspelemann, treskjærar og mykje meir, for mange best kjent som Oddemann.

Boka er skrivi av Øystein Molstad Andresen, frå Ål men no busett på New Zealand. Han kjende sjølv Oddemann godt, og har gjennom eit niditidig arbeid gjennom dei to siste åra samla mykje stoff om Oddemann både ved besøk her heime og ved å bruke moderne teknologi som internett.  Tittelen på boka,"Oddeman, glimt frå eit annleis liv" peikar mot at boka forsøker å gi eit ærleg bilete av Oddemann. Utgjevar Olav Randen seier til RH at han vurderer Oddemann til å vera ein av dei største kunstnerane i Hallingdal. Han sleit med å bli anerkjent i lokale musikkmiljø serleg i Ål, mens han i Hol vart tidleg akseptert som den trekkspelvirtuosen han var.

MEir om dette i intervju med Olav Randen i Fredagsmagasinet som går i reprise i dag måndag - også på nettradio.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS