Støy frå Hallingfrakt plagar naboar.

Støymålingar viser at støyen frå Hallingfrakt sitt anlegg på Ål ligg over tolegrensene både på dagtid og natterstid og no går helsepolitikarane inn i saka.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 13.11.2006 16:46

Støymålingar viser at støyen frå Hallingfrakt sitt anlegg på Ål ligg over tolegrensene både på dagtid og natterstid og no går helsepolitikarane inn i saka.

Det har kome klager frå dei som bur i husa nærast fraktterminalen og målingane viser blant anna at i løpet av eit døgn så er snittstøyen på 58 dB mens støygrensa i følge forskriftene er 50 dB. På natt er grensa 60 dB mens berekningane viser 88 Db.

Tysdag 21.november skal helse- og sosialutvalet på befaring, og i konklusjonen sin skriv kommuneoverlege Lappegard blant anna at det er godtgjort at verksemda til Hallingfrakt har negativ verknad på helsa til bebuarane i Kuluvegen 2 og 4. Det ligg ikkje føre enkle tiltak som kan betre situasjonen, og det er ynskjeleg at det blir vurdert om kommunen kan bidra til langsiktige løysingar i saka.  Ordførar/rådmann blir bedt om å gå inn i saka for om mogleg å medverke til dei nødvendige langsiktige løysingane.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS