Aktuelt:
Vil etablere målestasjon for radioaktivitet i Hol.
Statens strålevern skal bygge opp eit nettverk av målestasjonar for radioaktivitet i landet og vil ha ein av stasjonane i Hol kommune,.
Nettverket skal bestå av 28 stasjonar som døgnet rundt måler radioaktivitet i lufta og på bakken og rapporterer til eit sentralt system. Formålet er å oppdage radioaktiv forureining frå kjernekraftverk og andre kjelder i utlandet så raskt som mogleg for å kunne setja inn dei rette tiltak raskt. Strålevernet ønskjer no å plassere ein stasjon i Hol eller på Geilo og stasjonen vil stå utplassert i omlag 20 år. MÅlet er å få opp stasjonen i løpet av 2006, og Statens strålevern ber om at HOl kommune om hjelp til å finne lokalisering og vonar dei vil vera positive til slik etablering i Hol eller på Geilo.
|