Energitrappa offisielt opna.

Om lag 100 personar var med og opna Energitrappa ved Hol stadion laurdag og dei fleste tok turen opp dei 408 trinna.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 29.10.2006 20:20

Gunnar Skogheim frå styret i Ustekveikja energi opnar trappa.
Om lag 100 personar var med og opna Energitrappa ved Hol stadion laurdag og dei fleste tok turen opp dei 408 trinna.

Ein overordentleg ivrig dugnadsgjeng på godt 20 personar har sørga for at arbeidet med trappa har gått jamt og trutt og dermed vart ferdig før vinteren.  Trappetrening blir av mange sett på som ein flott måte å trene på og andre har meint at trappa i Ruud kraftstasjon har vore det hemmelege middelet som har ført til at det er så mange gode skøyteløparar frå Hol! I tillegg til åvera flott trening, så vil dei som kjem til topps kunne nyte ein flott utsikt mot ei flott bygd frå toppen av Høgehaug, der det til sommaren blir plassert ut benkar og bord.

Ustekveikja energi as har sponsa bygging av trappa og dei fekk også æren av å opne den. Leiar i Hol idrettslag, Kjell Haugo, nytta også høvet til å heidre 5 av den harde kjerna i dugnadsgjengen for innsatsen. Petter Rukke, Per Helge Rukke, Torbjørn Haugo, Thov Løvstuen og basen sjølv, Kjell Eikrehagen.

Så gjekk nesten alle opp trappa og merka fort at mjølkesyra kom............... trøsta var at på toppen fekk dei alle tildelt spesial T-skjorta som tydleg viser at du har gått trappa!

Rekorden opp dei 408 trinna har så langt Håvard Bøkko med 1 minutt 06 sekund! Christoffer Fagerli Rukke har 1 minutt 11 sekund................... så får du sjekke ko du måtte oppnå.

Reportasje i På heimveg tysdag kl. 15 og i fredagsmagasinet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS