Trappebygginga i full gang.

Ivrige folk frå Hol idrettslag har kome svært godt i gang med bygging av treningstrapp ved idrettsparken - her skal både skøyteløparar og andre idrettsutøvarar få betre spenst og kondis.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 06.10.2006 21:27

Torbjørn Haugo, Petter Rukke, Kjell Eikrehagen m.fl. bygger i unnarennet til Furukollen
Ivrige folk frå Hol idrettslag har kome svært godt i gang med bygging av treningstrapp ved idrettsparken - her skal både skøyteløparar og andre idrettsutøvarar få betre spenst og kondis.

Med liv og lyst går arbeidet unna i stupbratt unnarenn i den tidlegare hoppbakken Furukollen. 36 grader hallar unnarennet i den tidlegare storbakken, og no skal ulike idrettsutøvarar trene spenst og kondis i den nye trappa, som skal erstatte trappa ved Ruud kraftstasjon som av ulike grunnar ikkje kan brukast lenger.

Den nye trappa blir på godt 500 trinn og har ein høgdeforskjell på godt 70 meter. Går alt etter planen og været er godt, så er trappa ferdig heilt til topps i haust. For turfolk vil den føre til ein flott utsikt frå Høgehaugtoppen - ikkje mange har vore der dei siste åra, men no blir det "lett" tilgang.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS