Bygginga av Stolsvassdammen skal auke kunnskapen.

Bygging av større dammar i Norge er no så sjeldan at det er skipa eit eide akademi for å nytte bygginga av ny Stolsvassdam til å auke kunnskapen om dambygging.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 18.09.2006 11:34

Bygging av større dammar i Norge er no så sjeldan at det er skipa eit eide akademi for å nytte bygginga av ny Stolsvassdam til å auke kunnskapen om dambygging.

26. og 27. september skal Damakademiet har møte der ein dag er sett av til å sjå nærare på det som foregår ved Stolsvatn.  HEr skal det sjåast på kulturlandskapsplan, betongarbeider, damfotarbeid, injeksjon av fjellfundament m.m.

Ola Gunleiksrud, vassdragsteknisk ansvarleg hjå E-CO energi as seier til RH at det for dei og andre i denne bransjen er viktig å kunne nytte denne dambygginga til å heve kompetansen ikkje berre internt, men også i forhold til relevante utdanningsmiljø. Dambygginga ved Stolsvatn er såpass unik at den har vekt stor merksemd. Det er lenge mellom slike store anlegg i Norge no, men alle dammar treng nøye vedlikehald i alle år framover og derfor er det svært viktig at kompentasen om dette blir sikra og utvikla vidare.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS