21 000 innom portane.

Årets Hallingmarken vart ei positiv oppleving både for publikum og arrangørar samt utstillarar.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 10.07.2006 22:10

Foto: Hallingmarkens nettside.
Årets Hallingmarken vart ei positiv oppleving både for publikum og arrangørar samt utstillarar.

Laurdagskvelden vart den store kvelden med om lag 10 000 innom portane! Med DJ Ravi og Idolparaden på programmet møtte dei unge opp i mengder, og erfaringa frå i år er vel klart at det er ungdommen som møter fram når deira heltar er på scena - dei over 30 er det vanskelegar å få frampå. Det viste frammøtet på fredag då dei nye gitarkameratane sto på programmet - ein sekvens arrangørane hadde store forventningar til, men som ikkje drog på langt nær det publikummet som var forventa. Heller ikkje DDE drog så mange som arrangørane hadde trudd, men gjorde altså DJ Ravi og Idol i massevis.

120 utstillarar var med i år, det er nokre fleire enn i 2005. Mange har meldt svært positivt tilbake. For arrangørane ser årets marken ut til å bli over middels når det gjeld det økonomiske resultatet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS