Riksveg 7 over vidda skræmer reinen.

Det 5 årige forskningsprosjektet som Norsk institutt for naturforskning har gjennomført for Statens vegvesen i forhold til blant anna riksveg 7 si påverknad på villreinen, er ferdig.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.07.2006 15:41

Det 5 årige forskningsprosjektet som Norsk institutt for naturforskning har gjennomført for Statens vegvesen i forhold til blant anna riksveg 7 si påverknad på villreinen, er ferdig.

Resultata viser at riksveg 7 har ein avvisande effekt på villreinen, men det ikkje berre vegen som er problem for reinen. Også hytteområder og mykje brukte turstigar og skiløyper er blant årsakene til at reinen ikkje brukar områda nord for riksveg 7.

OM lag 40 villrein har vore utstyrt med GPS sendar. Kartlegginga viste at gode vinterbeiteområder langs riksveeg 7 ikkje vart utnytta. I løpet av dei 5 åra er det observert kryssing av rv.7 berre 2 gonger. Forskinga viser også at det fyrst og fremst er om vinteren at vegen er eit problem for villreinen. Det er ein klar reduksjon i bruksfrekvens av beiteområda opptil 8 kilometer frå vegen.

Rapporten skal vera fagleg grunnlag for ein tilråding om den framtidige drifta av riksveg 7 over Hardangervidda som kjem i samband med budsjettet for 2007.

Heile rapporten kan du lesa her:  http://www.vegvesen.no/servlet/Satellite?cid=1150553720068&pagename=vegvesen%2FSVVartikkel%2FSVVartikkelMedRelatert&c=SVVartikkel

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS