Gol visste mest.

Med ein knallstart på fyrste spørsmål så sikra Gol seg såpass forsprang at verken Geilo eller Hemsedal greidde å ta dei att.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.06.2006 10:54

Siri Vestenfor, Frida Grønseth og Knut Arne Gjerden Lybekk.
Med ein knallstart på fyrste spørsmål så sikra Gol seg såpass forsprang at verken Geilo eller Hemsedal greidde å ta dei att.

Det var 3 lag som kjempa i finalen, Hemsedal, Geilo og Gol. Lokale spørsmål har ofte vist seg å vera dei tøffaste, so også denne gongen då dei ga store utslag. Laga viste alle imponerande kunnskapar om mangt og mykje frå bibelkunnskap, fotball, bilmerker, ordførarar i Hallingdal ( der Gol sikra seg vinnarpoenga), ordtak m.m.

Gol sto til slutt att som relativt klar vinnar av årets spørjekonkurranse med 35 1/2 poeng totalt. Geilo og Hemsedal heldt tett følgje bakom, men det enda opp med at Geilo fekk 27 1/2 poeng og HEmsedal 26 poeng:

ALle laga fekk 3000 kr kvar i premie frå Hol sparebank -








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS