Berre eitt tilbod på Vøgne

Fredag kl. 1300 gjekkf risten ut for å koma med tilbud om å kjøre regiontoget Vøgne mellom Hallingdal og Oslo - ein tilbydar meldte seg.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 28.04.2006 14:23

Foto: NSB si nettside.
Fredag kl. 1300 gjekkf risten ut for å koma med tilbud om å kjøre regiontoget Vøgne mellom Hallingdal og Oslo - ein tilbydar meldte seg.

Tilbydar er NSB anbud as, eit heileigd NSB selskap som vann tilbodet på Gjøvikbanen som dei skal starte drifta av til sommaren. Ofotbanen, som tidlegare kom med eit tilbod på å drifte Vøgne, er i følge DN hardt ute å kjøre økonomisk, og dette er sannsynlegvis grunnen til at dei ikkje har kome med noko tilbod om å drifte Vøgne denne gongen.

Samferdselsesjef Terje Moen i Buskerud fylke seier til RH at det blir forhandlingar med tilbydaren neste veke, så blir det laga ei sak til regionrådet for BTV som skal ha møte 7. og 8. juni. Viss dei ikkje godtek tilbodet av ymse grunnar, vil det kunne bli vurdert buss som alternativ frå hausten.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS