Kvar 3. påsketurist til Buskerud eller Oppland.

SSB har sjekka ut ferievanane til nordmennene i forhold til påsken og Buskerud og Oppland er målet for dei fleste som vel innanlands påskeferie.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 11.04.2006 10:43

SSB har sjekka ut ferievanane til nordmennene i forhold til påsken og Buskerud og Oppland er målet for dei fleste som vel innanlands påskeferie.

Samla sett reiser 1 av 8 nordmenn eller 13 %  på påskeferie anten innanlands eller utanlands. Det er personar mellom m25 og 66 år som er på flest ferieturar i påsken. Dei fleste har naturleg nok ein ferietur i påsken og i alt blir det teke 460 000 påsketurar av det norske folk følge SSB.

Mest populært er det å reise til Buskerud eller Oppland viss du reiser på innanlands ferietur, mens turane til utlandet stort sett går til Spania, Sverige og Danmark. Det er fyrst og fremst pensjonistane som tek utanlandsturane i påsken.  Berre 1 av 6 nyttar seg av hotell i påsken, 1 av 3 på campingplassar, hyttegrender e.l.  mens om lag halvparten brukar hytta si eller besøker familie/venner.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS