Gildeslakteriet på Gol drege inn i E.coli jakta.
I følge VG nett fredag kveld skal det no vera klart at sauekjøt frå Gilde Terina sitt anlegg på Tynset er smittkjelda for E.coli 0103 - og anlegget på Tynset har blant anna motteke sauekjøt frå Gol.
Mattilsynet har lagt fram desse opplysningane på ein pressekonferanse i dag og det er kjøtråvara kalla "Sau 25" som er peika ut som smittekjelde. Tynset får kjøt frå Gilde sine slakteri på Gol, Oppdag og Mosjøen samt eit lager på Malvik i Trøndelag.
Dispnonet Thorleif Bjella seier til RH seint fredag kveld at han pr no ikkje veit meir enn det som er kome fram i massemedia etter pressekonferansen, og han har ingen kommentar til det som er kome fram. Bjella forventar at slakteriet på Gol no blir gjenstand for sporingsarbeid slik andre slakteri har vorte i jakta på E.coli 0103.











