Svært nøgde brukarar i Hol.
![]() |
| Frå v: Jens Simonsen, Rune Engehuls, Gjertrud Eggen, Randi Keil Michelsen og Randi Lòrsa |
Undersøkinga omfattar tenestene som blir levert til dei som bur heime eller i omsorgsbustad og dei som bur på institusjonane i kommunen.
Blant dei som får hjelp i heimen sin, er det svært stor tilfredsheit på alle dei undersøkte deler av tenesten. "Dette er ekstra hyggeleg for dei som leverer tenestene ute hjå brukarane" seier helse og sosialsjef Rune Engehult. Sjøl om undersøkinga viser at det er langt frå hundre prosent av dei som leverer tenestene som er fagutdanna etter dagens krav, så er brukarane veldig godt nøgde med tenestene. Ønsket om fleire fagutdanna i tida framover ser stort og det vil bli sett i gang tiltak for å prøve å få det til. Ellers er det informasjon til brukarane som kjem svakast ut i ein ellers svært positiv undersøking.
Når det gjeld institusjonane, så vart her både dei som bur der og dei pårørande til desse spurde i undersøkinga. Hovudtendensen er at dei pårørande er noko mindre tilfreds enn dei som brukar tenestene. Hol yter tenester til langt fleire enn landsgjennomsnittet og brukar også noko meir pengar enn det, men har færre tilsette til å utføre oppgåvene.'
Detaljar om undersøkinga finn du på nettstaden www.bedrekommuner.no












