Hotella i Hol kommune auka beleggsprosenten.
Hotella i Hol hadde bra auke i belegget på romma sine i 2005 mot 2004 mens hotella i Hemsedal har hatt dårlegare belegg.
![]() |
| Dr. Holms hotell på Geilo |
For Hallingdal under eitt er det ein auke i beleggsprosentet på 2,5. Den er no oppe i 46 %, det betyr at over halvparten av sengene ikkje er i bruk gjennom året.
Berre ein kommune har beleggsprosent over 50. Hotella i Hol har auka frå 50,1 i 2004 til 55,1 i 2005, ein framgang på heile 9,98 %. Golhotella har nøyaktig lik beleggsprosent i 04 og 05, 45,9. Hemsedalshotella har gått attende frå 40,4 til 38,4 %, ein nedgang på 5,9 %. Nes går mest attende, 12, 5 %, frå 31,9 til 27,9 %. Ål har ein svak auke frå 33,4 % til 34,0 % viser tal frå SSB.
Buskerud fylke under eitt har i 2005 ein beleggsprosent på 44,2 mot 43, 4 i 2004.












