Flå inn i Visit Hallingdal utan atterhald.

Eit samrøystes kommunestyre på Flå gjorde torsdag formiddag vedtak om å slutte seg til Visit Hallingdal.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 20.06.2013 10:31

Eit samrøystes kommunestyre på Flå gjorde torsdag formiddag vedtak om å slutte seg til Visit Hallingdal.

Både frå ordførar og Ap og Sp vart det uttrykt stor glede over at denne saka no er på plass og dei ser fram til at samarbeidet blir ein realtitet. Det faktum at Hemsedal vel å stå utanfor vart teke til etterretning, men ordføraren understreka at det ikkje er snakk om å gi Hemsedal nokon form for særavtale for t.d. å vera med på sommarmarknadsføringa. Politikarane på Flå ser eit stort potensiale i turismen på FLå i åra framover og inngår avtale med Visit Hallingdal fram til 2017.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS