Semje om å bygge Geilo handelslag
Det såkalla hølet blir no fylt opp med bygningsmasse i følge ein intensjonsavtale som er inngått i dag fredag.
Det som kanskje kjem til å overraske mange i denne samanhengen er at Hallingdal hytteservice på Torpo er part i avtalen. Det framgangsrike firmaet på Torpo skal saman med Geilo handeslag SA, NG Eigendom innland as utvikle og oppføre nybygg på handelslagstomta.
Dette betyr at dei i fellesskap skal arbeidet for å få på plass ei endeleg avtale om prosjektering og oppføring av eit nybygg på tomta. Bygget skal bestå av parkeringsareal, lokal til daglegvareforretning og annan næringsareal. I tillegg til om lag 40 leiligheter vera ein del av bygget. Viss partane kjem til semje om ei endeleg løysing, skal søknad om rammeløyve sendast til HOl kommune forsommaren 2013 og det er håp om byggestart i løpet av sommaren 2013. Kva som i detalj skal byggast er det for tidleg å si noko om.
Forutsett at prosjektet let seg gjennomføre, skal Hallingdal hytteservice vera utførande entrepenør for heile prosjektet og dei vil gjennom datterselskap/andre selskap om er ein del av Hallingdal hytteservice konsern, saman med Norgesgruppen Eiendom Innland og GEilo handelslag stå som byggherre for nybygget. Når det gjeld utforming av bygget så startar Hallingdal hytteservice med heit blanke ark og utarbeider nye teikningar med nye løysingar. Dette er i følge NG ei av årsakene til at dei no kom i mål med ein intensjonsavtale.
Meir i fredagsmagasinet i kveld.











