Gol beste gasellekommunen i Buskerud.

Dagens næringsliv sin Gasellekåring er no komen til Buskerud og Gol ligg på topp i forhold til folketalet.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 23.11.2012 20:44

Dagens næringsliv sin Gasellekåring er no komen til Buskerud og Gol ligg på topp i forhold til folketalet.

Kven som blir beste Gasellebedrift i Buskerud blir kjent laurdag, men i fredagens utgave av DN er det ein oversikt som viser gaseller pr 10 000 innbyggarar i kommunane i Buskerud.

Der toppar Gol med 4 gasellbedrifter med eit folketal på 4581 og Nes kjem på nr 2 med 3 på eit folketal på 3452.  Hol følgjer på 4. plass med 3 på eit folketal på 4457 mens Ål er på 13. plass med 1 gasellebedrift og folketalet er 4741, HEmsedal har ingen - det har heller ikkje FLå.

For å bli vurdert som Gasellebedrift må bedrifta ha levert godkjent rekneskap, minst dobla omsetningen over 4 år, Omsetningen må ha vore meir enn ein million fyrste året, det må vera positivt samla driftsresultat, den må ha unngått negativ vekst og den må ha vore aksjeselskap.

BUskerud beste kjem i DN laurdag.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS