Vil byggje verdas fyrste vinter- og sommarland.

Torbjørn Rustberggard har i dag lagt fram planane sine for Storøyne og her vil Gol og Hallingdal kanskje få det mykje omtalte fyrtårnet som har vore snakk om i mange år...
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 18.08.2005 14:39

Storøyne i sommarversjon.
Torbjørn Rustberggard har i dag lagt fram planane sine for Storøyne og her vil Gol og Hallingdal kanskje få det mykje omtalte fyrtårnet som har vore snakk om i mange år...

Minst 150 millionar vil den nye parken ha som prislapp når det står ferdig om nokre år, og med den vil Gol og Hallingdal ha ein attraksjon som det ikkje fins maken til nokon stad i verda. Det fins mange badeland, men ikkje nokon stad er det same badelandet kobla opp mot vinterbruk slik Rustberggard ser for seg her. 150 - 200 000 besøkande vil i følge reknestykka kunne bli besøkstalet.

Sommarutgåva vil vera knytta til Nye Tropicana gjennom ei røyrsklie som tek folket til elvebreidda der dei vil møte den nye parken.. Ein nybygd halfpipe vil gå over elva og her vil ein skli nedover i sik-sak med ringar. Røyrsklia startar frå same punktet og blir ei av Norges lengste av sitt slag. Det blir motorbåtområde, Bumperdam der du kjører "radiobilar" på vatn, leikeplass, hesteområde, og i den store laguna blir det eit spesialbygd trekk der du kan stå på vassski etter trekket. HEr blir ei stor badestrand med tilhøyrande serveringsmuligheter m.m.m.

Det geniale trekket er at dei aller fleste av desse attraksjonane også vil bli brukt om vinteren. Der du om sommaren står på vassski, vil dom vinteren stå på snøbrett etter det same trekket, frå det høge tårnet blir det halfpipekjøring på brett, den lange sklia blir islagt innvendig og gir magasug på dertil egna kjøretøy, her blir skøyteis, ridebane, snøscooterbane m.m.

Torbjørn Rustberggard er no avhengig av positive politiske vedtak for å koma i gang samt investorar som trur på prosjektet og vil vera med å satse dei bortimot 200 millionane dei næraste åra. Og i følge den same Rustberggard er det ein føresetnad at det blir ny avkjøring til anlegget direkte frå riksveg 7, også det er eit politisk valg som politikarane på Gol skal gjera i haust.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS