Tilflytting aukar folketalet - fødselsunderskot i 4 av 6.
Tilflytting ikkje minsts frå utlandet, aukar folketalet i Hallingdal - fødselsoverskott er det berre to kommunar i dalen som har.
Mest dramatisk er det for Hol som har eit fødselsunderskott på 26 personar i 2010. Det er født berre 38 barn i heile Hol dette året. Underskot har også Ål med 9 personar og der er det født 42 barn. NEs har eit underskot på 9 personar og det er født 31 i 2010, i FLå er det eit underskott på 6 og der er også født 6 barn i 2010.
Overskottskommunane er Gol og Hemsedal. Gol har eit fødselsoverskott på 22 personar mens Hemsedal har 15 i overskott. I Gol er det føddt 57 og i HEmsedal 34 barn i 2010.
Samla er det foreteke 1294 flyttingar inn eller ut frå Hallingdal i 2010. Flest flyttingar inn eller ut er det i Hol med 305, HEmsedal med 283 og Ål med 248. Det er flytta 489 frå utlandet til Hallingdal og flytta 150 til utlandet frå Hallingdal. Det er øverst i dalen det er mest flytting -. til Hol frå utlandet flytta det 135 og til Ål frå utlandet flytta det 100 personar i 2010.
Nettoinnflytting til Hallingdal er 256 personar. Størst flytteoverskott har Gol, 69 personar, 58 for Hol og 52 for Ål, 38 for Hemsedal, 33 for Nes og 6 for Flå











