Klart for val av styre for Hallingskarvet nasjonalpark.

Miljøvernministeren har no sendt brev til kommunane og fylka som har Hallingskarvet nasjonalpark innanfor sine grenser og ber dei velja styre. Han er også ute etter å få tips om kvar forvaltinga skal etablerast.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 30.08.2010 11:58

Miljøvernministeren har no sendt brev til kommunane og fylka som har Hallingskarvet nasjonalpark innanfor sine grenser og ber dei velja styre. Han er også ute etter å få tips om kvar forvaltinga skal etablerast.

Ministeren ber kommunale Aurland, Hol og Ulvik om å nemne opp ein representant med varfamann kvar, det same skal dei tre fylka gjera. Dei skal velgjast blant kommunestyret/fylkestingets medlemmer. Så vil Miljødepartementet oppnemne styret som så skal konstiturere seg sjøl. Frå den dagen det er klart med styre, overtek dei forvaltinga av Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde.

Det skal også tilsetjast nasjonalparkforvaltar og det skal etablerast kontor for forvaltinga, også kalla forvaltingsknutepunkt. Her legg ministeren til grunn at der det blir etablert skal det kunne utviklast eit godt fagmiljø, det må ha egna geografisk plassering i forhold til verneområdet og han vonar det kan bli lokal semje om kvar dette skal etablerast.  Pengane til å drive den lokale forvaltinga vil bli løyvd av Miljødepartementet.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS