Litt laber juni for hotella.
SSB sin overnattingsstatistikk for juni viser framgang for Gol kommune, men ellers er det på det jamne for hotella i dalen den månaden.
SSB sin overnattingsstatistikk for juni viser framgang for Gol kommune, men ellers er det på det jamne for hotella i dalen den månaden.
Samla var det 65 497 overnattingar på hotella i Hallingdal juni 08 mens det var 67 747 same månaden året før. Det er ein nedgang på 3,3 %. Gol kan vise til oppgang - 5,4 % eller 1166 gjestedøgn meir enn året før. Hol har nedgang på 5,7 % eller 1879 gjestedøgn og Hemsedal har nedgang på 11,4 % eller 1078 gjestedøgn viser tala frå SSB.











