Slutt på Aktiv Fredsreisetur for elevar i Hol?

Eit krav om meir enn tredobla godtgjersle frå lærarar som er med på Aktiv Fredsreise som ungdomsskoleelevane i Hol har hatt, kan føre til at det ikkje blir slike turar meir.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 16.11.2007 15:10

Eit krav om meir enn tredobla godtgjersle frå lærarar som er med på Aktiv Fredsreise som ungdomsskoleelevane i Hol har hatt, kan føre til at det ikkje blir slike turar meir.

Mens avtalen i dag gir dei aktuelle lærarene ei ekstra godtgjersle på 8200 kr + avspasering er kravet no om lag 31 000 kr pr lærar i tillegg til vanleg lønn.

Administrasjonen og lærararorganisasjonane har ikkje vorte samde og saka er lagt fram for hovudutvalet for kultur og oppvekst som er samd med rådmannen i hans vurderingar som seier at det ikkje er aktuelt å inngå ei avtale på dei premissar som lærarane no legg opp til.  Dersom ikkje noverande godtgjering blir godteke fortsatt, så blir det ikkje arrangert fleire  turar med Aktive Fredsreiser frå og med 2008.

Saka går vidare til kommunestyret.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS