For høg biltransport - bilar rivne av.

Ein biltransport kom ikkje gjennom undergangen aust for Geilo sundag formiddag med lasta i behald. 2 bilar vart rivne av.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 25.03.2007 11:30

2 bilar vart rivne av og toget måtte stanse. Foto: Sigbjørn Tvedt
Ein biltransport kom ikkje gjennom undergangen aust for Geilo sundag formiddag med lasta i behald. 2 bilar vart rivne av.

Deler av rekkverket på undergangen vart kasta inn på jerbanelinja og ekspresstoget måtte stanse og rygge for nøye sjekk av linja før dei fekk kjøre vidare.  Folk frå jernbaneverket og politiet er på staden.

Biltraileren har rive ganske mykje med seg der den har kome i vanleg fart utan at sjåføren har tenkt over at han var for høgt lasta. Dei 2 bilane som vart rivne av er totalvrak og deler av rekkverket ligg strødd utover riksveg 7 som er sperra for trafikk inntil vidare, men personbilar blir dirigert gjennom fotgjengarundergangen. Det er pr no ikkje klart om skinnegangen har fått skade.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS