Pelletsen frå Kleivi ikkje til Danmark.
![]() |
| Pelletsposane er klare - her fylt med isopor pg.a. fotograferinga. |
Pelletsfabrikken skulle vore opna i dag, men ein vegg i den store flissiloen vart for veik og måtte reparerast og eit par maskiner er enno ikkje nok prøvekjørt til at produksjonen kan starte opp. Men det er ei voldsom interesse for fabrikken og produktet for tida, seier Ole Bjørn Kleven til RH. Telefonen står ikkje stille.
Den mykje omtalte eksporten til Danmark er ikkje noko meir enn ein intensjonsavtale, målet er å få omsett alt i Norge og ikkje minst i nærmiljøet. Og blir det som statsråden har sagt, skal det vera god bruk for pelletsen både frå Kleivi og andre fabrikkar.
Det vart pakka pellets i Kleivi fredag, men det var pellets som var innkjøpt frå Brummundal, då Kleivi hadde ein ordre dei berre måtte få ut.
Meir i magasinet fredag/måndag.












