Hytteprisane i Ål fordobla på eitt år.
![]() |
| Illustrasjonsfoto |
Det vart omsett 490 hytter i Hallingdal i 2005 til ein samla verdi av utrulege 742 774 000 kr! Snittprisen pr hytte i Hemsedal var 2 mill 743 000 kr osm er ein nedgang på 425 000 frå 2004. I Hol er snittprisen 1.524 000 kr - ein nedgang på 100 000 frå 2004. Ål har ei dobling av hytteprisen på eitt år - frå 641 000 som snittpris i 2004 til 1.224 i 2005! Snittprisen i Flå var 532 000 i 05 mot 437 000 i 04. Nes har ein snittpris i 05 på 1.076 mot 1. 168 i 2004. Gol har kanskje noko overraskande den nest lågste snittprisen i 2005 her i Hallingdal - 766 000 pr hytte, som er ein oppgang frå 629 000 i 2004.
Det var forteke 169 handlar i Hol, 56 i Ål, 100 i Hemsedal, 45 i Gol, 81 i Nes og 39 i Flå kommune i 2005.












