Det funka!

Pelletsfabrikken i Kleivi nærmar seg oppstart. Fredag vart maskinene prøvekjørt og dei fyrste furustokkane vart raskt gjort om til småflis som skulle bli pellets.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.07.2006 23:12

Fyrste stokken møter knivane og blir fort til småbitar: Foto: Rita Stavn
Pelletsfabrikken i Kleivi nærmar seg oppstart. Fredag vart maskinene prøvekjørt og dei fyrste furustokkane vart raskt gjort om til småflis som skulle bli pellets.

Den offisielle opninga av fabrikken er 1. september, men no er monteringa kome så langt at ein forsiktig prøveproduksjon  er i gang. RH var med då dei fyrste stokkane gjekk gjennom systemet fredag. Fabrikken er lagt opp til næraste heilautomatisk produksjon. Innmatinga tek unna 1 meter stokk pr sekund, så det er ikkje lange tida før eit trailerlass med tømmer er slukt unna. Etter å ha vorte hoggen til småflis, blir denne solda slik at det som er for stort går attende for ein ny runde - resten går til tørking der varmvatnet frå renovasjonsanlegget gjer jobben. På 4 timar tørkar dei den råe flisa til ført virke som kan sendast vidare til komprimeringa i pelletsmaskina. Derifrå berst det rett over i den enorme siloen som tek 4000 tonn pellets.

Ole Bjørn Kleven, prosjektleiar for fabrikken, seier at dei enn så lenge kjem til å kjøre fabrikken i bolkar. Dei fyller opp siloen, sel  unna, og startar på nytt når den er nærast tom. Produksjonen er fullt og heilt selt til Danmark, som fjernar kol som brennstoff for kraftverka og erstattar det med pellets frå Kleivi. Så lagar dei straum som så Norge kjøper attende i staden for at Norge bruker pelletsen til oppvarming her heime direkte!

Skal fabrikken gå for fullt, er det for lite virke i Hallingdal aleine. Då må virke hentast i både Valdres og Numedal, seier Ole Bjørn Kleven, som er bombesikker på at pellets vil få ein svært viktig rolle i framtidas energiforsyning her i Norge.

1.9. 06 er den store dagen - då kjem det fintfolk og skal opne fabrikken. Minister Odd Roger Enoksen er venta saman med andre notabiliteter.

Sjå bildeserie for meir om prosessen. (Alle foto: Rita Stavn)








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS