"Me er klare"
![]() |
| Jarle Molde i Fjord 1 har nye bussar klare til å setja inn. |
Direktør Jarle Molde i Fjord 1 Sogn Billag og Hallingdal Billag seier til RH at dersom dei kjem i posisjon, vil kunne by på eit svært godt samordna ruteopplegg der både omsynet til togrutene og korrespondering med Ekspressbussar vil bli lagt inn. Hallingdal kan få inntil 3 bussar om dagen til Drammen/Oslo/Gardermoen dersom dei vil og meir dersom trafikken viser at det er behov for det. Tilbodet kan vera oppe og gå alt frå august dersom det er ønskje om det. Selskapet har alt sendt tilbod om å halde fram noverande ruteopplegg frå 14. august dersom ikkje anna er på plass.
Nye bussar er klare til å setjast inn - ein er alt komen til Ål. Her blir lagt inn 220 volts straum slik at PC ar kan brukast og mobiltelefonar ladast.
Molde stillar seg noko undrande til at han til no ikkje har vore invitert til møter i Regionrådet for Hallingdal for å forklare kva for opplegg dei kan få til ved å bruke bussar, og han ser fram til å kanskje få ein slik invitasjon no når buss er meir aktuelt enn tidlegare.
Men regionrådet for Hallingdal kan framleis velja å stå på for tog slik det blir opna for frå fylkesrådmennene. Dei antydar at det kan veljast å gå vegen om eit politisk press mot departementet for å få auka tilskotet til statleg kjøp av tog og det er venta at regionrådet på måndag vil drøfte denne saka sjøl om den ikkje står på saklista., BTV avgjer den for sin den 7. juni.












