Ny dagleg leiar for Folkemusikkveka.

Ein godt etablert danse - og musikkutøvar tek over som dagleg leiar for Folkemusikkveka på Ål frå 1. august.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 20.06.2012 19:45

Ein godt etablert danse - og musikkutøvar tek over som dagleg leiar for Folkemusikkveka på Ål frå 1. august.

Ulf

]Arne Johannessen ny dagleg leiar i Folkemusikkveka

Styret i Folkemusikkveka tilsette tysdag Ulf

]Arne Johannessen (38) som ny dagleg leiar etter Ingunn Stræte Lie. Johannessen, som er frå Ål, kjenner folkemusikkmiljøet frå innsida både som musikar og dansar. I 2009 mottok han kongepokal etter å ha vorte Noregsmeister i dans. Dei siste åra har han reist verda rundt med Alexander Rybak og med dansekompaniet Frikar. I tillegg har han arbeidd medei lang rekkje teaterprosjekt, m.a. for Rikskonsertane. Johannessen beherskar også fleireinstrument, m.a. torader.

]

Me er glade for at Ulf]Arne takka ja til stillinga, seier styreleiar Gunhild Gåsvik i Folkemusikkveka.Han har allsidig røynsle og er kreativ og energisk. Me har store forventningar til samarbeidet med han i tida framover. Folkemusikkveka har viktige oppgåver framfor seg, ikkje minst ynskjer me å styrkja posisjonen vår lokalt. Me skal også vidareutvikla den høge kunstnarlege kvaliteten på festivalen og vil gjerne tilby innbyggjarane i Hallingdal ein endå betre festival. Ul har kvalitetane til dette arbeidet , seier Gåsvik.Johannessen tek til i stillinga 1. august.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS