Hovet veit mest!!
![]() |
| Halvard Grøgard, ANders Hognerud, Anna Kaupang |
Hovet, som var den minste skolen i årets finale, var freidige nok til å markere seg ganske tidleg i tevlinga ved å ta leiinga etter få spørsmål. UTover i den halvtanna lange finalen vart det vekslande leiing til Nedre Ål 2, Nes og Hovet - største leiinga noko lag hadde i løpet av kampen var 3 poeng, så det var tett heile tida.
Før siste spørsmål var stillinga slik at 3 av laga kunne vinne. Nes hadde leiinga før siste spørsmål kom og etter at 3 av 4 delspørsmål var besvart, var Nes framleis i leiinga. Med på siste delspørsmål glapp det litt for Nes mens Hovet hadde rett svar og dermed vart det Hovets kveld med eit halvt poengs forsprang!
Det er aller fyrste gong HOvet skole vinn ein finale og dei har heller aldri før vore i finalen. Fyrstepremien var 4000 kr frå hovudsponsor Hol sparebank som også spanderte premie på alle dei 3 andre laga i finalen - 2500 kr . Det fyller godt opp i reisekassene til klassane....
Finalen går i reprise onsdag kl. 1500.












