Så kom boka om Oddemann.

Fredag kveld var grendahuset i Mogrenda fullsett av bygdafolk og slektningar til Oddemann i samband med lanseringa av boka om Oddemann.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 10.12.2006 15:41

Nye Oddemanns trio: Egil Haugerud, Arne Olav Gullhagen og Ulf A Johanessen.
Fredag kveld var grendahuset i Mogrenda fullsett av bygdafolk og slektningar til Oddemann i samband med lanseringa av boka om Oddemann.

Boka ber undertittelen "Glimt frå eit anna slags liv" og gjennom boka blir dette annleis livet ærleg fortalt om både gjennom familien og folk som kjende Oddemann. Den gir eit flott portrett av ein kar som ofte sto på utsida av det gode selskap til tross for sine udiskutable talent og evner både musikalsk og på andre område. Det litt eksklusive folkemusikkmiljøet på Ål får søkelyset sett på seg, og sigeren Oddemann fekk då han i 1977 viste dei alle kva for musikar han egentleg var er god lesnad for venner av Oddemann!

Forfattar av boka er Øystein Molstad Andresen og utgjevar er Boksmia forlag.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS