Håvard mester!

Årets suverene verdsmeister på skøyter for junior heiter Håvard Bøkko og står i ein klasse for seg sjøl i dette mesterskapet.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 12.03.2006 15:09

Årets suverene verdsmeister på skøyter for junior heiter Håvard Bøkko og står i ein klasse for seg sjøl i dette mesterskapet.

På dagens 5000 meter gjekk han i par med Wouter  Olde  Heuvel frå NEderland, som før løpet starta visste at han måtte ta att godt 20 sekund for å slå Håvard. Og han skal i alle fall ha det at gjorde det han kunne for i det minste å slå han i parløp. Han leia med om lag 2 sek litt etter halvvegs i distansen, men som så ofte før så sette Håvard inn turboen og dermed var den saken avgjort. Håvard vart klokka i mål på 6.30,53 mens Hoevel fekkk 6.33.12. Samanlagt vann Håvard med ein svært så solig margin, 2,434 poeng!!

Christoffer Fagerli Rukke har også gjennomført eit suverent mesterskap og klart markert at han er Norges nest beste junior. Ny pers på alle distansane, den siste i dag med så solid forbetring som frå 7.12.10 til 6.58,56.

GRATULERER HOL IDRETTSLAG MED DEN FYRSTE NORSKE VERDENSMESTER PÅ SKØYTER FOR JUNIOR PÅ 20 ÅR.


Ja, vi elsker spilles for verdensmester Håvard Bøkko. (Foto: Rita Stavn)


You-Lim Kim og Håvard Bøkko. (Foto: Rita Stavn)


Premieutdeling 5000 meter.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS