Klare for Heerenveen!
To unge skøyteløparar frå Hol har i helga kvalifisert seg til årets store hending for unge skøyteløparar - Vikingrace.
To unge skøyteløparar frå Hol har i helga kvalifisert seg til årets store hending for unge skøyteløparar - Vikingrace.
Henrik Fagerli Rukke og Kristian Reinton gjorde det så bra under uttaksløpa i helga at dei er klare for det store løpet i Heerenveen. Løpa gjekk i Tønsberg. Litt spesielt var det at Henrik fekk tildelt Hjalmartrofeet - ein vandrepremie. Og dette skjedde akkurat 10 år etter at bror Christoffer fekk det same trofeet!
Henrik vann alle fire løpa suverent, Kristian fekk 2 andreplassar og 2 tredjeplassar.
Resultata ser du her: http://tonsbergsturn.no/hurtiglop/admin_dokumenter/Sammenlagt_del_2.pdf











