Landskampen: Christoffer vann 1500 m.
2. dag av landskampen i Arendal er i gang og Christoffer F Rukke har vunne 1500 meteren.

2. dag av landskampen i Arendal er i gang og Christoffer F Rukke har vunne 1500 meteren.
Christoffer gjekk i par med den beste nederlenderen på distansen og vann på tida 1.53,14. Parkameraten vart diska for kluss i vekslinga, men ein annan nederlender tok andreplassen på tida 1.54,13
1. dag vart Christoffer nr 2 på 500 meteren med tida 37,40 - vinnartida til nederlenderen var 37,32.
3000 meteren vart ei sterk nederlandsk markering med dei 3 fyrste plassane. Chris vart nr 4 og er nr 2 uoffisielt samanlagt etter laurdagens løp.
Alle resultata finn du her: http://www.arendal-sk.com/index.php?id=result&PHPSESSID=289c948315d5a057fca04edd17ae3177











