Ål folkepark sikra driftsmidlar.

Ål folkepark er sikra drift i 2006 dersom Sparebank 1 går inn.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 20.02.2006 13:25

Ål folkepark er sikra drift i 2006 dersom Sparebank 1 går inn.

Ål formannskap var i hovudsak samde om å sikre Ål folkepark midlar til vidare drift i 2006. Politikarane var ikkje villige til å garantere for eller gi tilskot til å dekke utgiftene til dagleg leiar i 2006 med 448 000 kr, men forventar nok at Sparebank 1 Hallingdal går inn med garantiar her. Dette var ikkje avklart til møtet og vart heller ikkje avklart i møtet. Men formannskapet var heilt samde om å løyve 200 000 kr til kjøp av tenester frå Ål Folkepark og 100 000 kr tll å dekke bygslingsavgifta for 2006. Vedtaket er gjort med bruk av paragraf 13 i kommunelova og kjem derfor ikkje vidare til kommunestyret.

Usemje vart det i formannskapet når ein kom til punktet om omorganisering eventuelt sal. Alle var samde om at sal vil det måtte bli, men Tore Bøygard frå AP, var svært oppteken av at det vart gjort formelt rett. Det betyr at det er generalforsamlinga i Ål Folkepark BA som må ta avgjerd om sal eller ei, ikkje Ål formannskap. Han fremja forslag om at Ål kommune skulle be om at det var kalla inn til omfram generalforsamling i selskapet. Dette forslaget fekk berre 2 røyster i formannskapet. Framstegspartiet vile selja området til turist og friluftsområde og fekk si eiga røyst til det.

Fleirtalet i formannskapet sa seg samd i rådmannens framlegg og dermed vil ei gruppe gå i gang med å førebu omorganisering og eventuelt sal av området ( sjå eige oppslag)

Meir i På Heimveg tysdag og i Fredagsmagasinet.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS