Sterk skepsis til å gi makt over til regionrådet.
Debatten omkring strategisk plan for Hallingdal i Gol formannskap torsdag ga klar melding om at golingane ikkje gir frå seg makt til Regionrådet.
Det var klare meldingar frå alle som ein at akkurat der går grensa. Kommunestyra skal styre - skal noko anna skje, så må det skje gjennom endringar i kommunestruktur eller regionstruktur. Eit av punkta i strategisk plan går på å gi makt til å bestemme frå kommunestyra til regionrådet som prinsipp, så skal nærare utgreiing koma i etterkant.
Mange i formannskapet stilte også spørsmål om den prosessen som denne planen har vore gjennom og meinte den var mangelfull. Det var frå einskilde reist litt kritikk mot at golingspolitikarane som hadde hatt høve til det, ikkje hadde vore meir aktive i dei fora planen hadde vore oppe så langt.
Formannskapet samla seg om forslaget til ordføraren. Gol senterparti fremja eige forslag som gikk på å godkjenne planen, men dei kom også med konkrete forhold som skulle prioriterast. Dette fekk berre SP si røyst, men blir med vidare i saka.











