Samla formannskap i Hemsedal om bråket.
Alle partia i Hemsedal formannskap var samde om at slike tilstandar som Hemsedal opplevde i julehelga, vil dei ikkje ha meir av, og dei nødvendige grepa er dei klare til å ta.
Håvard Venås frå Krf. var den som fronta saka sterkast i formannskapet, men han fekk full tilslutning til framlegget sitt frå alle partia, sjøl om dei kanskje var litt "snillare" i argumentasjonen. Vedtaket er eit vedtak som betyr at det blir teke fatt i problematikken reint administrativt i fyrste omgang. Etter at deira utgreiingar er klare, vil politiske hovudutval ta fatt i sine ansvarsområder og det vil ende opp i ein debatt i kommunestyret venteleg i marsmøtet.
Sentralt i drøftingane framover til innskrenking av skjenketider, talet på skjenkestader, marknadsføring av Hemsedal som reisemål stå. HOvudutvalet for plan og ressurs vil sjå på om dei kan gjera endringar i planane for å sikre ei ynskt utvikling i dei tilgrensande områda til Hemsedal skisenter. Det kan også føre til at det blir innført mellombesl byggje- og deleforbod for å sikre ei utvikling som er i samsvar med kommunen sin utbyggingspolitikk.
Frå Venås si side vart det understreka at tilliten til turistnæringa i dalen no var på eit lågmål, begeret var fullt. Dei har lovd tiltak i liknande tilfelle før, og gjort noko heilt anna. Han såg ikkje bort frå at det burde leggjast inn eit krav om at turistnæringa i Hemsedal byggjer eit felles lokale der ungdom under 18 kan få vera på sine premissar i eit alkoholfritt miljø, før dei får lov å byggje ei einaste kommersiell seng meir enn i dag. Dette fekk støtte frå dei andre partia også.
Debatten kan du høyre på RH tysdag og onsdag kl. 1503











