Så var dei samde...

No er alle kommunane i dalen samde om kva dei skal leggje fram for regionrådet om lokalmedisinsk senter.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 16.05.2012 15:52

No er alle kommunane i dalen samde om kva dei skal leggje fram for regionrådet om lokalmedisinsk senter.

Her er tilrådinga som no går ut til regionrådet som skal ha møte 25. mai.

Ut frå Hallingtinget og Regionrådet si tilråding og vidare drøftingar og avklaringar i Regionrådet, er det kome fram til slik samstemt tilråding overfor kommunane:

 

Regionrådet rår kommunane i Hallingdal og styret for Vestre Viken HF til å gjera slikt vedtak for vidare framdrift av prosjektet:

1.      Intensjonsavtale

Det skal vedtakast intensjonsavtale (vedlegg 9) mellom kommunane Hol, Ål, Gol, Nes, Flå og Hemsedal, og med den føresetnad at det skal etablerast eit tett samarbeid om tenestetilbodet med Vestre Viken HF.

 

2.      Administrasjon og organisering.

2.1.   Prosjekt Hallingdal lokalmedisinske senter skal vidareførast i ein gjennomføringsfase frå 3.kvartal 2012 til ut 2015. Prosjektet skal framleis finansierast fifty-fifty mellom kommunane i Hallingdal og Vestre Viken HF (VVHF) med hovudfinansiering gjennom søknad om sentrale samhandlingsmidlar.

2.2.   Prosjektet har som hovudmål å etablere Lokalmedisinske Tenester i Hallingdal (LTH) som et administrativt vertskommunesamarbeid mellom dei seks Hallingdalskommunane og eit samarbeid mellom kommunane og VVHF. Til grunn for ei eventuell fast organisering er ei evaluering av prosjektet. Hovudbasen for samarbeidet skal plasserast ved Hallingdal sjukestugu, men med mogeleheit for at deltenester kan plasserast i andre kommunar. Prosjektet si oppgåve er å sikre ei gradvis iverksetting av dei samarbeidstiltak som er utgreidd og prioritert i prosjektet si utgreiingsfase, og ivareta ei vidare utvikling av samhandlingsreforma i Hallingdal.

2.3.   Stilling som prosjektleiar skal lysast ut så snart vedtak om vidareføring av prosjektet si gjennomføringsfase er gjort. Samansetninga av styringsgruppa blir vidareført, prosjektgruppa blir utvida med deltaking frå alle kommunane, og VVHF blir gjeve anledning til å justere si deltaking i prosjektgruppa.

2.4.     Ål kommune som vertskommune blir bedt om å ta ansvar for å stille lokalar til disposisjon for det framtidige lokalmedisinske senteret, og forhandle med VVHF på vegne av kommunesamarbeidet om evt. overtaking av bygg. For sengeavdelingens drift nyttes á konto betaling etter en framforhandlet, budsjettert døgnpris. Avregning skjer ved årets slutt etter faktisk bruk og eventuelle andre faktorer partene blir enige om i en driftsavtale. Nye tiltak skal enten legges fram i prosjektets årsbudsjett eller fremmes som egne saker til eierne.

 

2.5.   Prosjektet skal sørgje for at det blir inngått avtalar med VVHF som avklarar og gir forutsigbarheit for det tenestetilbod helseforetaket vil gi lokalt i Hallingdal, og det tenestetilbodet helseforetaket og kommunane kan samarbeide om gjennom spleiselagsmodellen.
Avtala skal tullerast årleg.

3.      Medisinskfagleg samarbeid / Døgn- og dagbehandling - somatikk og psykiatri

3.1.   Hallingtinget rår til at det blir arbeid vidare med intensjonane om felles intermediæravdeling med inntil 10 interkommunale sengeplassar og 10 desentraliserte spesialisthelsetenesteplassar.

3.2.   Regionrådet for Hallingdal rår til slik kostnadsdeling:

3.2.1.     Den enkelte kommune betalar inn ein sum tilsvarande 50 % av det statlege

Tilskotet for kommunale døgnplassar til øyeblikkeleg hjelp. Dette ø.hj.-tilskotet vert ikkje tilbakebetalt kommunane, men kommunane kan bruke tilsvarande antall døgnplassar utan kostnad.

3.2.2.     Driftsbudsjettet for dei 10 sengeplassane skal fordelast på kommunane etter ein

lik døgnpris der kommunane betalar etter faktisk bruk og kostpris. Døgnprisen skal ikkje overgå prisen kommunane må betale for utskrivningsklare pasientar (I 2012 kr. 4000). Dette under føresetnad om at alle kommunane i Hallingdal er

med i samarbeidet om avdelinga.

3.2.3.     Ål kommune tek eit økonomisk ansvar for tomme senger under ein

beleggprosent som gjev ein døgnpris som overgår prisen kommunane må betale for utskrivningsklare pasientar (I 2012 77,4 %). Kommunane og helseforetaket har eit felles ansvar for tiltak for å få opp belegget ved avdelinga dersom dette over eit halvt år går under 80 % belegg.  Dersom konklusjonen på desse drøftingane er at ein gjennom tiltak ikkje vil kunne greie å halde beleggsprosenten over 75 %, vil Ål kommune overta ansvaret for å finne alternativ bruk for det antalet senger / pasientrom som partane vert einige om.

3.2.4.     Ål kommune tek ansvaret for ombygging / nybygging av bygningsmasse for

nødvendige areal til ei sengeavdeling med 20 senger. Ål kommune vil dekke låneavdrag på bygging av dei 10 interkommunale sengeplassane.

3.2.5.     Alle løpande driftsutgifter for det aktuelle arealet og tilhøyrande fellesareal

skal reknast inn i ei husleige utrekna pr. døgnplass. Husleiga skal tilsvara dei faktiske utgiftene. Husleiga skal omfatte reinhald, straum, renteutgifter tilsvarande den til ei kvar tid gjeldande rente på kommunale lån, vaktmeistertenester, datakostnader, felles administrasjon av avdelinga og andre fellesutgifter som partane vert einige om.

3.2.6.     Dersom ei eller fleire kommunar trekker seg frå samarbeidet om ei felles

intermediæravdeling, må meirkostnaden for dei andre kommunane dekkast inn gjennom innbetaling av ein høgare andel av ø.hj.-tilskotet. Dei økonomiske kabalane må også leggjast på nytt dersom helseforetaket endrar si deltaking i avdelinga.

3.3.   Regionrådet/Rådmannsutvalet utarbeida eigen sak i forhold til husleige for interkommunale samarbeidsområde, med mål å få lik praksis, og at dette også legg føringar for Hallingdal Lokalmedisinske tenester.  

3.4.   Prosjektet arbeidar vidare med følgjande prioriterte områder:

-   Utviklingsarbeid for ambulant teneste innan psykisk helse

-   Kommunal psykologteneste for Hallingdal

-   Felles tilbod til demente med særlege behov

-   Oppretting av fastlønna utdanningsstilling i allmennmedisin / intermediæravdeling

-   Etablering av felles allmennlegeutval i Hallingdal 

-   Vidareutvikling av interkommunal legevakt

-   Styrket laboratorieteneste og røntgentilbod ved HSS, og eit utvida samarbeid med

   legekontora i dei ulike kommunar.

-   Vidareføring av samarbeidsgrupper interkommunalt og med Vestre Viken innan

   fleire fagområder.

-   Saman med Ringerike sjukehus, vidareutvikle prosjektet pasientforløp.

4.      Kompetanse-, lærings- og mestringssenter / Folkehelse

4.1.   Prosjektet opprettar eit 3-årig delprosjekt (2013-2015) for etablering og utvikling av eit kompetanse-, lærings- og mestringssenter for Hallingdal, dette som eit samhandlingsprosjekt mellom Hallingdalskommunene og Vestre Viken HF. Delprosjektet blir bemanna med til saman 110 % stilling (60 + 50 %) og det skal søkast finansiert gjennom sentrale samhandlingsmidlar. Eventuelt restbeløp / eigeninnsats skal delast mellom kommunane og Vestre Viken.

4.2.   Prosjektet skal utgreie ein felles folkehelsebase, sett opp mot eksisterande verksomheit i kommunane, og laga ein framdriftsplan for etablering.
Målsettinga er etablering i 2014. Folkehelsebasen blir planlagd med følgjande nye stillingar:
  - 100 % regional folkehelsekoordinator
  - 100 % felles kommuneoverlege
Det skal samarbeidast tett med Miljøretta helsevern Hallingdal som er planlagt styrka med 60 % ny stilling. Folkehelsebasen skal ha ansvar for å utarbeide felles oversikt over helsetilstanden i Hallingdal, utvikle felles strategi for prioritering av kommunane sine samanfallande folkehelseutfordringar og initiere og koordinere samarbeid innan samfunnsmedisin og folkehelse.

 

 

5.      IKT og Telemedisin

5.1.   Prosjektet skal medverke til at kommunane sikrar felles journalsystem og annan nødvendig klargjering som varetek det nasjonale ”Meldingsløftet”. 

5.2.   Prosjektet skal medverke til at IKT Hallingdal og VVHF i samarbeid tek vare på dei  IKT-behov som samhandlingsreforma løftar fram og sikrar de nødvendige avklaringar for IT-system ved nytt lokalmedisinsk senter.

5.3.   Prosjektet skal medverke til at IKT Hallingdal planlegg ei utbygging i kommunane, av PC basert videokonferanse, dette for å etablere faglege nettverk for audiovisuell kommunikasjon.

5.4.    Lokalt samarbeidsutval skal etablere  ei undergruppe med fastlegar og helsefageleg personell for fortløpende å vurdere telemedisinske og velferdsteknologiske behov.

 

 

6.      Endeleg framlegg til intensjonsavtale vert ettersendt etter  møtet i Regionrådet den 25. mai.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS