Bestemt avvist av fylkesmannens miljøvernavdeling.
Ordføraren i Ål med fleire møtte forrige veke Fylkesmannens miljøvernavdeling for å mekle i konflikten dei i mellom når det gjeld deler av Kommunedelplanen for Ål, men Miljøvernavdelinga var ikkje til å rikke..
Det galdt spørsmålet om ein skulle opne for at stølsbuer som er krasafarne og ikkje kan gjerast meir med, kunne fjernast og at det i staden kunne koma opp ei meir moderne utgåve av ei stølsbu også på stølar som ikkje lenger er knytta til såkalla stadbunden næring - at eigaren er aktiv bonde. Ålingspolitikarane hadde lagt inn i forslaget sitt at dei skulle gjera slike tiltak enklare enn før, men her var det absolutt ikkje noko gehør hjå Fylkesmannens miljøvernavdeling - forslaget vart blankt avvist. Så no må admin og politikarane i Ål i tenkeboksen for å finne ein annan vri.
Det bekymrar også ordførar Dalseide at miljøvernavdelinga vil utvide villreinområdet til tross for at lokale fagnemnder har sagt at dei er nøgde med det området som er bandlagt i dag.
Meir i Fredagsmagasinet.











