Skuleutbygging på Torpo kan bli dyr.
Forprosjektet for ombygginga av Torpo skole er klart og dersom dette skal bli resultatet, blir kostnaden nesten fordobla.
Det er arkitektkontoret Årstiderne arkitekter med avdelingskontor på Nesbyen som har fått arbeidet med forprosjektet og dei har no levert sitt utkast. Førebels kostnad for dette ligg på om lag 35 millionar kroner mens det i budsjettet er sett av 20 millionar. Sektorutvalet for oppvekst skal drøfte forprosjektet med arkitektfirmaet på sitt møte 23. september og då vurdere om dei skal gå vidare med dette eller strippe det ned til den kostnaden som har vore rekna med til no eller om det blir ei mellomløysing. RÅdmannen har ikkje gitt nokon innstilling i saka.











