Får ikkje dele frå stølsbu til hytte.
Stiftinga Svalstuen vil dele frå ei stølsbu og selja som hytte - det syns ikkje rådmannen i Gol noko om.
Saka blir grundig gjennomgått og vurdert opp mot kommuneplanen for Gol og landbruksinteresser samt mulighetene for å gi dispensasjon og konsekvensane av det. Heile saka kan du lesa på www.golkommune.no Rådmannen konkluderer med at det ikkje er rett å opne for å la stølsbua og omliggjande areal bli skilt ut frå Hølstølen, verken sett i forhold til jordlov eller kommuneplan.
Framlegg til vedtak:
Utval for Natur og næring finn ikkje at det ligg føre samfunnsinteresser av stor vekt i saka, eller at frådeling er tilrådeleg utifrå den avkastning eigedomen kan gje og avslår frådeling av omsøkte parsell frå Hølstølen gnr. 5 bnr. 7. Avslaget er heimla i jordlova §12.
Utval for Natur og næring avslår søknad om dispensasjon etter plan- og bygningslova § 7 for frådeling av bebygd parsell på Hølstølen, gnr, 5, bnr. 7. Utvalet finn at det ikkje ligg føre særlege grunner som gir grunnlag for å dispensere i denne saka. Avslaget er heimla i kommuneplan for Gol, Sak K 0065/01, datert 30.10.2001.











