Ikkje lenger nei til kjøkken i anneks?

THU i Hol skal i neste møte behandle ei prinsippsak omkring blant anna kjøkken i anneks - noko som til no har vore forbode i Hol kommune.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 06.02.2008 16:27

THU i Hol skal i neste møte behandle ei prinsippsak omkring blant anna kjøkken i anneks - noko som til no har vore forbode i Hol kommune.

Saksbehandlaren skriv i si  utgreiing at det i PBL ikkje fins heimel for  å regulere etablering av kjøkken i anneks. Det fins heller ingen heimel for å gi reguleringsbestemmelsar eller forskrift som inneheldt forbod mot å legge inn vatn og ha toalett i anneks. Det føreset at det ikkje oppstår forureining ved slik etablering.

Det har også vore reist spørsmål om bygg som blir bunde saman ved bruk av kjellaretasje skal sjåast på som eit eller fleire bygg.  TIl dette konkluderer saksbehandlaren med at eln kjellar er så sjå på som kjellar til eitt bygg sjøl om kjellararealet ligg under fleire bygg på tomta.  Den fins ingen begrensingar for kor stor ein kjellar kan vera i PBL.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS