Vil helst ikkje ha stabbur.

Miljøvernavdelinga i Buskerud vil ikkje tilrå at det blir gitt disp. til å få bygd eit stabbur ved ei hytte i Raggsteindalen.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 15.01.2008 16:14

Miljøvernavdelinga i Buskerud vil ikkje tilrå at det blir gitt disp. til å få bygd eit stabbur ved ei hytte i Raggsteindalen.

Kommunen har bedt om uttale i saka før den blir behandla, og miljøvernavdelinga syns stabbur ikkje bør gjevast løyve til då det strir i mot forbudet mot bygging langs vatn og vassdrag. Stabburet vart tenkt plassert på linje med hytta som ligg 55 meter frå strandkanten, men det er store almenne interesser knytta til dette området skriv Fylkesmannen, så han tilrår ikkje slik plassering.

I staden meiner han at behovet for lagerplass kan stettast ved å setja opp eit lågre bygg i bakkant av hytta.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS