Ein gong til - så er det slutt.

Rådmannen i Hol er ikkje lenger vilig til å gi dispensasjonar til isbanekjøring på Svangtjern i Dagali - no må det plan til.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 17.02.2007 22:37

Illustrasjonsfoto
Rådmannen i Hol er ikkje lenger vilig til å gi dispensasjonar til isbanekjøring på Svangtjern i Dagali - no må det plan til.

Sidan mars 1996 har det i regi av Norway winter rally skole vore drivi med isbanekjøring på Øvre Svangtjern i Dagali - på dispensasjon.  Etterkvart har det vorte fleire aktørar på denne banen og arbeidet med ein eigen plan for området har av ulike årsaker ikkje kome nokon veg sidan oppstarten i 1998. I Kommundelplanen var området teke inn som motorsportsbane, men her hadde fylkesmannen innsigelse og sidan har det ikkje vore gjort meir planarbeid, men aktiviteten har auka på.

No foreligg ny søknad om dispensasjon for å drive motorsportsbanen på Øvre Svangtjern. Men no set rådmannen foten ned: Greitt nok med ein disp til, men så er det slutt - no skal plan utarbeidast innan 1. mai 2008.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS