Felles skytebane i Hovet?

Noko overraskande for mange kanskje - fleirtalet i KPU i Hol kommune vil ha ein skytebane for kommunen og den skal liggje i Hovet.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 18.12.2006 14:09

Noko overraskande for mange kanskje - fleirtalet i KPU i Hol kommune vil ha ein skytebane for kommunen og den skal liggje i Hovet.

Vedtaket betyr ikkje at skytebanesaka er avgjort ein gong for alle - dette er beskjed til administrasjonen om at det ikkje er nødvendig å utgreie vidare spørsmålet om ekspropriasjon for å sikre areal til ny skytebane på Geilo. No må administrasjonen arbeide vidare ut frå ønsket om at det skal vera ein skytebane i kommunen og den skal vera i Hovet - kva det endelege politiske vedtaket måtte bli, ligg enno nokre månadar fram i tid.

Vedtaket sat langt inne. Ordføraren måtte bruke dobbeltrøysta si i saka der dei som ville ha med denne setningen kom frå Høgre (1), Ap (2), V (1), Krf (1). Mindretalet som besto av 3 Frp, 1 Sv og 1 Sp.

Før dette hadde eit mindretal på 4 stemt for å ta bort heile punktet om skytebane då det etter deira syn gitt klar nok melding som skytebanevurdering i eit anna punkt i dokumentet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS