1 krone for skulen.

Kommunestyret på Nes selde Rukkedalen skule i torsdag og prisen var 1 krone...
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 08.09.2006 12:34

Kommunestyret på Nes selde Rukkedalen skule i torsdag og prisen var 1 krone...

Rådmannen hadde ikkje noko prisforslag i si innstilling til kommunestyret, men under møtet vart det uttrykt ønskje om at prisen vart fastsett til 1 krone.

Kjøparen er Rukkedalen Vel, noko leiar i styret for friskulen, Tor Løkken er godt nøgd med. Det betyr at bruken av huset kan bli enno meir allsidig. Det vil alt no bli teke tak i arbeidet med å gjera huset betre isolert for dermed å få ned fyringsutgiftene som i dag er på om lag 100 000 kr. Løkken understerkar ellers at huset er i svært god stand.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS